Vil auke vassføringa i Hornindal

Nesten tørrlagt elv: Vassføringa i elvane i Grendadalen har vore svært låg. Stig Olav Lødemel uttalte til Fjordingen i august at han forventa at Tussa tek den den låge vassføringa på alvor og at NVE er sitt ansvar bevisst med tanke på konsesjonsvilkåra.   Foto: Bengt Flaten (Arkivfoto)

Nyhende

I samband med revisjon av regional forvaltingsplan for Vestland vassregion 2022-2027, har Volda kommune kome med innspel om tiltak for å auke minstevassføringa i Storeelva og Guridøla/Hjortedøla i Hornindalsvassdraget.