Brei semje om å halde fram samarbeidet om veg i regionen

Politisk og administrativ leiing i Stryn, Volda og Ørsta kommunar, Gode Vegar, Tussa, Sparebanken Sogn og Fjordane og SpareBank 1 Søre Sunnmøre var før helga samla til møte. Fokus: Veg og vidare samarbeid.

Samde om samarbeid: Rundt bordet frå v. Rune Hovde, Stryn kommune, Ørjan Skåden, Sparebanken Sogn og Fjordane, Geirmund Dvergsdal, Stryn kommune, Sverre Leivdal, Volda kommune, Elling Dybdal, Tussa Kraft, Svein Sunde, Gode Vegar, Asbjørn Moltudal, Volda kommune, Sølvi Dimmen, Volda kommune, Rune Sjurgard, Volda kommune, Wenche Solheim, Ørsta kommune, Karen Høydal, Ørsta kommune, Stein Aam, Ørsta kommune, Per Kjøllesdal, Stryn kommune, Stig Brautaset, Sparebank 1 Søre Sunnmøre ogTorstein Tvinnereim, Stryn kommune. Foto: Veronica Kvalen Pilskog/Sparebank1 Søre Sunnmøre 

I Stryn er det store manglar og behov på fv 60 Stryn-Olden, fv 5724 Oldedals-vegen og fv 5723 Lodalen, og ikkje minst gang-/sykkelvegen Loen-Solvik som no skal ha si første runde i Vestland fylke

Nyhende

Møtet som vart halde hos SpareBank 1 Søre Sunnmøre var kome i stand på initiativ frå Svein Sunde, dagleg leiar i selskapet i Gode Vegar AS. Målet var å lufte interessa for vidare samarbeid for å framskunde vegprosjekta i regionen.