Visnes Hotel i Stryn:

Eitt av ni nye medlemer i De Historiske

Visnes Hotel i Stryn er eit av ni nye medlemer i gruppa De Historiske Hotel & Spisesteder. – For oss betyr det at vi er ein del av eit fellesskap med andre historiske hotell, seier Marit Nordheim Otterdal.

De historiske: Visnes Hotel er no medlem i gruppa «De Historiske». Hotellet kom saman med åtte andre søkjarar gjennom nålauget til De Historiske Hotel & Spisesteder. Marit Nordheim Otterdal er saman med ektemannen Arvid Otterdal vertskap ved hotellet.  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

Marit Nordheim Otterdal og Arvid Otterdal tok over drifta av Visnes Hotel i 2014, og for eitt år sidan søkte dei om medlemskap i De Historiske.