Gondolbaner i logostrid

Loen Skylift har saksøkt Voss Gondol for ulovleg etterlikning av logo. I april er det truleg duka for rettssak.

Logostrid: Loen Skylift har saksøkt Voss Gondol for ulovleg etterlikning av logo. Her kan du dømme sjølv om du meiner det er fare for forveksling. 

Nyhende

Den nye gondolbana på Voss vart opna i fjor sommar, og selskapet i Loen skal tidleg ha reagert på det dei meiner er ulovleg etterlikning av logo og brot på marknadsføringslova.

I følgje BA (Bergsensavisen) meiner Loen Skylift at det føreligg ei forvekslingsfare, men dette er vossingane usamde i.

– Vi meiner at Voss Gondol AS har ei god sak men ønskjer ikkje kommentere saka noko nærare, seier advokat Ingrid Wetlesen Davanger til BA.

20. april vert det rettssak i Bergen Tinghus, dersom partane ikkje skulle inngå eit forlik før den tid, opplyser BA.