Nye Volda

Kommunevåpenet vekte stor åtgaum

Ikkje alle ser ein pennesplitt og to ljåar i kommunevåpenet til Nye Volda kommune. Mellom anna har ein lege uttalt seg om saka

Kva ser du? Fleire har assosiert kommunevåpenet med det kvinnelege kjønnsorgan. 

Nyhende

Ikkje alle ser ein pennesplitt og to ljåar i kommunevåpenet til nye Volda kommune. Dagbladet vidareformidla det legen Therese Utgård såg i kommunevåpenet som vart gjeldande ved nyttår.

– Med all respekt. Kva er det dei samanslåtte kommunane har tenkt på med dette nye kommunevåpenet? Kan vere ein yrkesskade, men eg synest det liknar noko heilt anna, skreiv Utgård på Twitter.

– Dette liknar veldig på ein kvinnes vulva, sett nedanifrå, sa Utgård til Dagbladet.

Saka fekk stor merksemd i sosiale media der det ikkje mangla på kommentarar.

– Er dette Fittjar kommune? spør ein, medan ein annan foreslår å kalla kommunen for «Vulva kommune».

Voldaordførar Sølvi Dimmen meiner kommunevåpenet har skapt positiv merksemd.

– Det går også an å seie at både ljåane og pennesplitten er fruktbare nok i seg sjølv. Vi har eit landbruk i fremste klasse og Volda er studiebygda med stor A, sa Dimmen til NRK som og omtalte saka.