Skal lære ordførarar å handtere media i krisesituasjonar

Fylkesmannen i Vestland tilbyr no medietreningskurs til ordførarar, rådmenn m.fl. Her skal det verte lagt særleg vekt på krisehandtering.

Illustrasjonsfoto.   Foto: Roy Aron Myklebust

Nyhende

Målet for kurset er at deltakarane skal oppleve auka meistringskjensle i intervjusituasjonen og lære gode teknikkar for mediehandtering. Det vil bli lagt vekt på at deltakarane skal få mest mogleg praktisk øving i intervju framfor kamera, opplyser Fylkesmannen i Vestland på si nettside.