Treskifestivalen kan bli avlyst

Treskifestivalen blir ikkje arrangert i år om ingen andre tek over skistaven etter festivalsjef Torstein Tvinnereim.

Slutt? Det nostalgiske skiarrangementet i Stryn kan bli historie etter 11 år. Her frå 2013.  Foto: Arkivfoto: Ove Sveen

Nyhende

Folkefesten Treskifestivalen har vore arrangert i Stryn sentrum dei siste 11 åra, men no kan det vere slutt. Festivalsjef og primus motor Torstein Tvinnereim peikar på manglande kapasitet etter omorganisering av selskapet Gaman Underholdning som har stått bak det uhøgtidlege arrangementet.