Hyttefeltet har bidrege med 3,5 millionar i Hornindal skisenter:

– Vi såg verdien av anlegget

Før jul betalte Harevadet Hyttefelt siste avdrag på avtalen frå 2012 som var utslagsgjevande for at Hornindal skisenter vart ein realitet.

Siste avdrag: Rett før jul kunne Inge Olsen i Harevadet Hyttefelt betale siste avdrag på det opphavlege byggjelånet til Hornindal skisenter. Totalt har Harevadet bidrege med 3,5 millionar. Driftsleiar Amund Sverre Tomasgard er svært glad for støtta som var svært viktig for realiseringa av senteret. 

Nyhende

For ti år sidan vart Harevadet Hyttefelt etablert i Grendadalen i Hornindal. Ein avgjerande faktor var dei tydelege signala om at det ville kome eit skisenter. Då kalkylar og finansieringsplan skulle utarbeidast for senteret, vart hyttefeltet peika på som ein viktig og naturleg bidragsytar i prosjektet.