Kokkelærling Sander Øen Omberg:

Går i skule med nokre av dei beste

Sander Øen Omberg (19) måtte skuffa innsjå at finaleplassen glapp i NM for kokkelærlingar. Men snart ventar nye spennande kapittel for den hardtarbeidande kokken frå Stryn.

Ambisiøs: Sander Øen Omberg er kokkelærling ved Bekkjarvik Gjestgiveri. Den ambisiøse kokken frå Stryn har tilbod om prøvejobbing ved Speilsalen i Trondheim etter lærlingetida, men har ikkje heilt bestemt seg for framtida enno.   Foto: Privat

Nyhende

Omberg er inne i sitt siste år som kokkelærling ved Bekkjarvik Gjestgiveri utanfor Bergen. Der jobbar han mellom anna side om side med Ørjan Johannesen som gjekk til topps i VM i kokkekunst i 2015.