– Kinotala for 2019 viser ein nedgang på om lag ti prosent besøkande samanlikna med 2018, som var eit godt kinoår, seier kulturhusleiar Kåre Bruvoll Alme.
Ser ein på 2017 er nedgangen på rundt seks prosent. Talet på besøkande i fjor var 11.224 personar, medan det i 2018 var 12.485 besøkande. Stryn kino hadde 100 titlar på lerretet med rundt 450 visningar i løpet av fjoråret.
– At kinotala svingar litt i periodar er ikkje noko nytt. Det har ein naturleg samanheng med produksjonen av gode filmar og titlar som kan freiste publikum inn i kinomørket, seier Bruvoll Alme.
Dei tre mest populære filmane i Stryn vart Tunnelen, Frost 2 og Snekker Andersen og Julenissen: Bygda som glømte at det var jul. Tre filmar som kom på slutten av året, og gav eit godt oppsving i besøkstala.
– Det er kjekt å sjå at to av dei tre beste filmane i Stryn var norske, når tala for 2019 har merka færre besøkande på norske filmar. No ser vi fram mot eit nytt og friskt kinoår med sterke titlar som James Bond, ny Knerten- film og mot slutten av året nytt 2. verdskrigsdrama med filmen Narvik, seier han.