Først i verda med algeproduksjon på eigen gard:

Algebøndene frå Hjelledalen gjekk til topps

Algebøndene bak Folvengaard i Hjelledalen gjekk heilt til topps då Landbrukets innovasjonspris 2020 skulle delast ut. – Folvengaard er ein pioner, seier fagsjef for innovasjon i Norsk Landbrukssamvirke, Åge Klepp.

Ministeren delte ut: Landbruks- og matminister Olaug Bollestad overrekte Landbrukets Innovasjonspris til Dag Hjelle, Alf Erik Gjørven og Rolf Olav Gjørven. Foto: John Trygve Tollefsen / Norsk landbrukssamvirke. 

Nyhende

Landbrukets innovasjonspris 2020 vart tysdag kveld delt ut av landbruks- og matminister Olaug Bollestad, og til stor jubel kunne dei innovative gründerane bak Folvengaard AS ta imot prisen.