Og vatnet steig...

Mange fekk prøve amfibieeigenskapane på bilane sine gjennom floa som dekte plassen ved Nordfjord Caravan.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Godt varsla stormflo gjorde at bedriftseigarar og private kunne redde unna gjenstandar før floa nådde toppen ved 14-tida onsdag. Vidar Sunde ved Nordfjord Caravan fortel at dei har følgt med både dag og natt og flytta campingvogner vekk frå dei lågaste delane av oppstillingsplassen.