Vikane i klimasmart kokkekamp

Unge klimakokkar: Klimakokkene er ein nasjonal kampanje for 5.–7. trinn i regi av Miljøagentane.  Foto: Rasmus Norsted/Miljøagentane

Nyhende

Vikane skule er med i Klimakokkane, ein nasjonal kampanje for 5.–7. trinn med klimafokus tilpassa faget mat og helse.

13 skular frå Sogn og Fjordane er påmeldt og kan vinne hovudpremien på 15.000 kroner.

Miljøagentane står bak kampanjen, og ønskjer at fleire tar berekraftige matval i kvardagen. I løpet av januar skal klassane konkurrere i å lage dei mest smakfulle, næringsrike og klimasmarte rettane, laga av råvarer med så lågt klimaavtrykk som muleg. Dei beste rettane skal deretter lagast av profesjonelle kokkar og bli vurdert av eit smakspanel av barn.

– Med Klimakokkane ønskjer vi å gje forbrukarar i framtida kunnskapen dei treng for å kunne ta berekraftige val i kvardagen, og ei forståing av kor viktig det er å tenke heilskapleg for å motverke global oppvarming, seier dagleg leiar Are Shaw Waage i ei pressemelding frå Miljøagentane.