Bø-revansje i Ruhpolding?

Ruhpolding: Tarjei Bø står på startstreken i tyske Ruhpolding i ettermiddag.  Foto: NSSF

Nyhende

Etter mager poengfangst for Tarjei Bø i verdscuprenna i Oberhof førre helg er det klart for 10 km sprint i ettermiddag, denne gong i skiskyttarmetropolen Ruhpolding.

Tarjei Bø ligg no på fjerdeplass i verdscupen, då franskmennene Martin Fourcade og Simon Desthieux har passert han i samandraget. Johannes Thingnes Bø held andreplassen, men skal ikkje gå renna i Ruhpolding.

Tarjei Bø går ut som nummer 33 på dagens sprint. Andre norske startande: Johannes Dale (1), Erlend Bjøntegaard (35), Vetle Sjaastad Christiansen (37), Aleksander Fjeld Andersen (51) og Lars Helge Birkeland (60).