- Eg skal vere betre enn dette

Ruhpolding: Tarjei Bø gjekk eit godt langrenn, men tre bomskot kosta for mykje.  Foto: NSSF

Nyhende

Tarjei Bø hadde forventningar om ei god plassering på dagens skiskyttarsprint i tyske Ruhpolding. Før start uttalte han til NRK at han burde vere med å kjempe i toppen, men dessverre skulle for mange bomskot sette ein stoppar for det.

Bø fekk ein bom på liggande skyting. 31-åringen gjekk likevel godt i langrennssporet, og inn til ståande skyting låg han berre 14 sekund bak teten. Men to nye bomskot øydela mykje, og bøaren måtte til slutt ta til takke med 28. plass.

Martin Fourcade har verkeleg funne godformen, og vann sitt tredje verdscuprenn på rad.

Vetle Sjaastad Christiansen vart beste nordmann på 4. plass.

- Litt fleire bom enn forventa, eg skal vere betre enn dette. Her var det perfekte skyteforhold, dette var dårleg, var bøaren sin dom til NRK etter løpet.

Det er likevel stor glede i Bø-familien om dagen. Johannes Thingnes Bø og kona Hedda Dæhli Bø vart foreldre til ein gut tysdag, skriv VG.