Kyrkjefond tener godt på mjølkekvotar

Opplysningsvesenets fond (OVF) er ein av dei største eigarane av mjølkekvotar i Noreg. Dei tener store pengar på å leige ut mjølkekvotar og avkastinga frå fondet går direkte til Den norske kyrkja.

Illustrasjonsfoto.  Foto: Gunnhild Sindre

Nyhende

– Vi reknar mjølkekvotane å vere ein viktig ressurs knytt til eigedommane våre. Vi har ingen ny strategi knytt til utkjøpsordninga og vi har ikkje meld inn kvotar for sal, seier Ivar Tollan, som har ansvaret for å forvalte jordbrukseigedommane og mjølkekvotane for Opplysningsvesenets fond, til avisa Nationen.

Fondet er registrert som eigar av kvotar som har tilhøyrt prestegardar rundt om i landet. Tal frå Landbruksdirektoratet viser at det er snakk om 10 mjølkekvotar på til saman over 1,4 millionar liter.

Nationen skriv òg at fondet har store inntekter frå å leige ut eller forpakte bort 23.000 mål fulldyrka jord, 3.000 mål beite og driftsbygningar. Dei har i tillegg rundt 800.000 mål skog og utmark der 5-600.000 mål er rekna som produktiv skog.

(©NPK)