Cupen:

Stryn møter Volda

1. runde i cupen 2019, Stryn-Sogndal 0-5: Johan Svedal Flo og Ulrik Flo mot Mathias Garlid og Justinas Busmic.  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

Stryn møter Volda på bortebane i 1. kvalifiseringsrunde i fotballcupen. Det er klart etter at Norges Fotballforbund har offentleggjort kampoppsettet.

Førde får besøk av Eid, Årdal møter Fjøra medan Studentspretten er sett opp med bortekamp mot Bergen Nord. Sogndal og Florø kjem inn i første ordinære runde.

Kampane i 1. kvalifiseringsrunde skal spelast innan 21. mars.

Sist sesong møtte Stryn Sogndal på heimebane i 1. ordinære runde. Då vann sogningane 5-0.


600 såg cupkampen på Stryn stadion

Godt 600 tilskodarar håpte på ein ny cupskrell mot Sogndal, lik den i 2007.