Byr på feststemt program i nyttårkonsert

Søndag 19. januar kjem Sogn og Fjordane symfoniorkester - SOFORK- til Stryn kulturhus med eit feiande flott program.

Mari Askvik er ein av solistane på nyttårskonserten i Stryn komande søndag.  Foto: Ingvild F. Melien

Nyhende

Sogn og Fjordane symfoniorkester feirer det nye året med eit feststemt program av nordiske komponistar som Sibelius, Svendsen og Grieg. Sjølvsagt er Lumbyes Champagnegalopp med! Mezzosopran Mari Askvik frå Leikanger og saksofonist Roger Andreas Holme frå Sandane er solistar med orkesteret.

Det blir flotte operaariar frå både Carmen og L’Italiana in Algeri, og frå saksofonen får vi høyre den spennande Scaramouche som er virtuos, vakker med sine voggesangliknande tema og ein brasiliansk rumba som avslutning.

Sogn og Fjordane symfoniorkester er eit orkester som er samansett av distriktsmusikarar, musikklærarar, amatørar og dyktige studentar, fortel styreleiar Tone Støylen Holgersson i ei presseomtale frå orkesteret.

Dirigent for det heile er Per Kristian Skalstad.