Njøten blir hovudtrenar for damelaget

Stryn: Are Njøten og Katrin Opheim skal trene Stryn sitt damelag i fotball denne sesongen.  Foto: Thomas Thaule (arkiv)

Nyhende

Are Njøten tek over som hovudtrenar for Stryn sitt damelag i fotball etter Johann Sigurdsson. Han får med seg Katrin Opheim som assistent.

Mykje reising i ny jobb er årsaka til at Sigurdsson gir seg som trenar, men han skal framleis ha ansvaret for Proffveka.

Arnt Magne Fredheim, som også har vore ein del av trenarapparatet rundt damelaget, er denne sesongen trenar på gutelaget.