Thingnes Bø tilbake i verdscupen

Johannes Thingnes Bø deltek i Pokljuka om godt ei veke.  Foto: Ragnar Singsaas Photography

Nyhende

Etter å ha hatt "førpappaperm" og såleis stått over dei to siste verdscuprundane er Johannes Thingnes Bø tilbake når neste runde går av stabelen i Pokljuka om godt ei veke. Det stadfestar landslagstrenar Egil Kristiansen ovanfor Fjordingen:

- Ja, det er planen at han skal til Pokljuka.

Tysdag denne veka fekk Johannes Thingnes Bø og kona Hedda Dæhli Bø ein son.

Martin Fourcade frå Frankrike har nytta høvet godt i stryningen sitt fråvær, og overteke leiinga i verdscupen samanlagt.