4. divisjon handball:

Årets første heimekamp

Handball: Stryn møter Vik i Strynehallen søndag.  Foto: Sigrid Heggestad

Nyhende

Det bør vere eit revansjesugent Stryn som spelar årets første heimekamp i Strynehallen søndag ettermiddag. Førre helg måtte det unge strynelaget nøye seg med uavgjort borte mot botnlaget Jotun (21-21), og Marie Johannsdottir sikra eitt poeng på straffekast i sluttsekunda.



Medan dei andre laga i divisjonen har spelt både åtte, ni og ti kampar, står Stryn med berre seks kampar så langt. Mellom anna vart to av kampane som skulle vore spelt før jul utsett til over nyttår.

Søndagens motstandar er Vik, eit lag Stryn slo med to mål (26-24) i ein jamn serieopning i haust.



Sogningane ligg på 6. plass på tabellen med 8 poeng, eitt poeng bak Stryn men med to kampar meir spelt. Det er grunn til å tru at det ligg an til ein spennande kamp i Strynehallen.