Børstar støv av dansebandmusikken

– Det er for gale om historia om dansemusikken i indre Nordfjord går i gløymeboka, seier Anders Magne Vik.

Nytt program på Radio Stryn: Anders Magne Vik skal lage radioprogram om dansebandmusikken i indre Nordfjord. Ove André Aarskog (t.v.) blir med i studio som medprogramleiar.  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

No har han teke initiativ til å lage ein programserie på Radio Stryn som omhandlar historia til dansemusikken i indre Nordfjord.

Vik har vore i kontakt med fleire personar og band som er eller har vore aktive innan dansemusikk, og som vil stille opp i programserien.

– Eg har over 80 namn på blokka, men eg håpar at det er nokon der ute som kan gje oss innspel og tips til personar eller band som eg kan ha gløymt eller ikkje har oversikt over, seier Vik, som sjølv kan sjå tilbake på ei 56 år lang musikkarriere.

Ønskjer tips: Anders Magne Vik håpar på innspel og tips om danseband i indre Nordfjord.  Foto: Thomas Thaule

I radioprogrammet, som etter planen startar opp i slutten av denne månaden, vil det bli intervju og tilbakeblikk med musikarar og danseband. I tillegg til musikk frå radioarkivet har Vik mykje musikkopptak sjølv.

– Her blir innslag frå 50-talet og fram til i dag, så det blir mykje god mimring, fortel Vik.

Atlantic, Michigan Sweet, Sfinx og Fernando er berre nokre av banda som blir å høyre i programmet som vil gå ein gong i månaden.