VM i skiskyting:

Den norske troppen er klar

Bø beste «nasjon»: Tidenes VM i skiskyting for brødrene Tarjei Bø (t.v.) og Johannes Thingnes Bø i Östersund med totalt 4 gull, 1 sølv og 1 bronse. Her frå verdscupavslutninga i Holmenkollen.  Foto: Christian Haukeli

Nyhende

- Etter fantastiske prestasjonar så langt i sesongen er uttaket til verdsmeisterskapet i Anterselva klart, skriv skiskyttarforbundet i ei pressemelding.
Ikkje overraskande finn vi Markane-løparane Tarjei Bø og Johannes Thingnes Bø blant utøvarane som utgjer den norske VM-troppen i skiskyting.

Stryningane utgjer den mannlege delen av troppen saman med Aleksander Fjeld Andersen (Geilo IL), Erlend Øvereng Bjøntegaard (IL Beveren), Vetle Sjåstad Christiansen (Geilo IL) og Johannes Dale (Fet SSK). Blant kvinnene er Tiril Kampenhaug Eckhoff (Fossum IF), Karoline Knotten (Vingrom IL), Marte Olsbu Røiseland (Froland IL), Synnøve Solemdal (Tingvoll IL) og Ingrid Landmark Tandrevold (Fossum IF) tekne ut.

I VM i Östersund i fjor reiste brødrene Bø heim med 4 gull, 1 sølv og 1 bronse.

Årets meisterskap går av stabelen i italienske Anterselva 13.-23. februar.