Rekrutteringa til skisporten stuper - Men ikkje i Stryn

Nordmenn er fødd med ski på beina, heiter det så fint, men det er dårleg gli på rekrutteringa til skisporten i Norge. Vi spurde korleis det står til her i distriktet.

Anbefaler skisporten: – Det er godt sosialt samhald på tvers av klubbane og ein får så mykje igjen for å drive skiidrett, seier f.v.: Oselie Henden frå Eid IL, Hedda Garlid Hilde og Emilie Flo Stavik frå Markane IL, Ingrid Heggen frå Stårheim IL og Maria Tistel frå Vik IL.  Foto: Roger Oldeide

Nyhende

Kvart fjerde barn mellom seks og 12 år har blitt borte frå skisporten sidan 2011. Det viser tal frå Norges skiforbund. Verst er det i langrenn. Mangel på snø og aukande rekruttering til andre idrettar står for storparten av forklaringa. Fotballforbundet, handballforbundet og gymnastikk- og turnforbundet kan vise til medlemsauke dei siste sju åra.