Brede Fannemel (23) vann pris på Norges største havbrukskonferanse

Studenten Brede Fannemel vann pris på Norges største havbrukskonferanse, AqKva, i Bergen.

Presenterte masteroppgåva - fekk pris: Brede Fannemel (23) frå Hornindal vann pris for «Beste poster» under havbrukskonferanse. Foto: Privat 

Nyhende

Studentar innan akvakulturfag fekk presentere seg sjølve og sine oppgåver under havbrukskonferansen AqKva i Bergen. Dette «Students Corner» skal gje studentane mogelegheit til å presentere sine oppgåver og kome i kontakt med bransjen dei høgst truleg skal jobbe i om få år. Og best presentasjon av alle hadde Brede Fannemel frå Hornindal.