Lesarinnlegg frå Bjarne Gald:

Gangbrua ved Hornindal skule

Gangbru: Gangbrua ved Hornindal skule.  Foto: Privat

Nyhende

For elevar og turgåarar m.fl. er denne brua ikkje noko god bru å gå over. Ved regn dannar det seg ein dam på ca. 10 m lengde. På det djupaste er dammen 2 – 2,5 cm djup. Vatnet vert ståande utan å renne av brua. Ved snøfall er brua ikkje blitt brøytt. Heller ikkje vert den strødd med sand for å unngå at den vert glatt.