10-årsplan for hjorteforvaltning ute:

Hjortestammen skal ned

Reduksjon av hjortestammen er stikkord for forvaltningsplanen som skal ut på høyring.

reduksjon: Stryn kommunen vil at hjortestammane skal stabiliserast på eit nivå der det vert født og skote ca. 600 hjort pr. år. Arkivfoto: Inge Fænn 

Nyhende

Stryn formannskap vedtok torsdag samrøystes rådmannen sitt framlegg til kommunale mål for forvaltning av hjort for 2020–2030 utan vidare diskusjon. Rådmann Rune Hovde foreslo at ein heller burde ta diskusjonen etter høyringsrunden med dei innspel som måtte ligge på bordet då, noko formannskapet var samde om.