Fylkesordførar i Vestland, Jon Askeland (Sp), på Nordfjord-besøk:

Vart overbevist i eit busskur i Olden

Fylkesordførar Jon Askeland (Sp) vitja Nordfjord måndag for å orientere seg i dei samferdslerelaterte utfordringane i regionen. I eit busskur i Olden vart han overtydd om at Oldedalsvegen treng opprusting.

Busskurmøte: I busskuret ved Olden skule orienterte Inge Melkevoll og Per Briksdal om utfordringane med vegen opp Oldedalen. Jon Askeland lytta interessert til det dei to representantane for næringslivet i den trafikkerte dalen. 

Nyhende

Berre på turen gjennom Stryn kommune kunne han notere seg fem prosjekt som stryneordførar og partikollega Per Kjøllesdal ønska å setje fokus på. Første stopp var på veg ned Utvikfjellet der traseval for E39 var tema. Her kjem tunnelinngangen i konflikt med dyrka mark og landbruksinteressene i området. Her kunne Kjøllesdal informere at hans parti hadde gitt opp diskusjonen i den kommunale reguleringsplanen, men var klare for å ta den att når den statlege reguleringa finn stad.