Strålande "comeback" av Thingnes Bø:

- Dette betyr utruleg mykje

Til topps: Johannes Thingnes Bø vann dagens 20 km i Pokljuka.   Foto: NSSF (arkiv)

Nyhende

Den nybakte pappaen Johannes Thingnes Bø var tilbake i verdscupen på dagens 20 km i Pokljuka, og stryningen gjorde "kort prosess" på konkurrentane og vann etter fire feilfrie skytingar.

- Fantastisk gjennomføring av Johannes, sa NRK sin skiskyttarekspert Ola Lunde om stryningen sin prestasjon.

Franske Martin Fourcade skaut også feilfritt, og 2 km før mål var avstanden opp til Thingnes Bø berre 7,4 sekund. Fourcade greidde ikkje å ta inn resten, tvert i mot tapte han fire sekund slik at han var 11,4 sekund bak i mål.

Tarjei Bø hang lenge med i kampen om ein pallplass etter tre feilfrie skytingar, men ein bom på siste ståande sende 31-åringen ut av diskusjonen om ein plass blant dei tre beste. Til slutt vart det 6. plass. Johannes Dale imponerte nok ein gong og tok 5. plassen.

- Dette betyr utruleg mykje. Eg brukte god tid på skytinga, og det var eit bra tima løp, sa ein rørt Johannes Thingnes Bø til NRK etter løpet.

- Ein mental kamp heile vegen, men ein god dag. Eg blir litt misunneleg på Johannes, men han er heilt rå. Ein av dei største idrettsutøvarane i Norge. Han er tilbake! skrytte Tarjei Bø.