Har sikta tre menn etter dødsfall på Nordfjordeid

Politiet har frigjeve namnet på mannen som vart funnen død sist søndag.

Illustrasjonsfoto.  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

Ein mann vart søndag 19. januar funnen død på Nordfjordeid, og politiet opplyste at det vart sett i gang etterforsking.

– Politiet har no pågrepe og sikta tre menn i 18- til 30-åra, opplyser Arne Lutro, leiar for kommunikasjonsstaben ved Vest politidistrikt i ei pressemelding.

De tre er sikta etter straffelova sin paragraf 288, for å ha "hensatt en person i hjelpeløs tilstand".

Har frigjeve namnet

Politiet har i ettermiddag frigjeve namnet på den omkomne.

Mannen som vart funnen død den 19. januar var 59 år gamle Rune Kjetil Flo, busett på Nordfjordeid.

– Namnet på den avdøde vert frigjeve i samråd med ei pårørande, opplyser Politiet Vest.

Politiet ønsker så langt ikkje å gje ytterlegare opplysingar om mogeleg dødsårsak eller andre detaljar om kva som har kome fram i etterforskinga så langt.

Blir framstilte for varetekt

Alle dei tre pågripne vil bli framstilte for varetektsfengsling fredag 24. januar.

Dei tre sikta har fått oppnemnt følgjande forsvararar:

– Advokat Per Kjetil Stautland

– Advokat Paul-Inge Angelshaug

– Advokat Ivar Blikra