Kva fuglar har du i hagen din i vinter?

Fuglar finst nesten overalt, men det er ikkje alltid vi legg merke til dei. Det vil derimot Norsk Ornitologisk Forening at vi gjer kommande helg. Då skal nemleg fuglane i norske hagar teljast. Kanskje oppdagar du ein sjeldan art.

To blåmeiser kosar seg med nøtter på ein fôringsautomat. Helga 25. og 26. januar blir Hagefuglteljinga 2020 gjennomført over heile Norden. Foto: Paul Kleiven / NTB scanpix / NPK 

Nyhende

Det er trettande året på rad at nordmenn vert oppfordra til å telje småfuglar i hagen sin den siste helga i januar. Målet er å få ei viss oversikt over førekomsten av dei vanlegaste hagefuglane om vinteren. Teljinga går også føre seg i dei andre nordiske landa.

Ein del av fuglane våre overvintrar i Noreg framfor å trekke til sørlege strøk. Vi får også besøk av fuglar nord- og austfrå som overvintrar hos oss.

Ein ønskjer å setje søkelyset på korleis klimaendringar endrar artssamansetjinga for overvintrande fuglar i Noreg og Norden. Ved å samle inn denne typen informasjon frå mange deltakarar kan ein betre få ei forståing av variasjonar i førekomsten av småfuglar på denne tida av året.

Danmark, Finland og Sverige har gjennomført opplegget i fleire år enn Norge, som vart med for første gong i januar 2008. Det har vore ein stor årleg auke i talet på deltakarar.

Milde vintrar påverkar

Trenden er at det blir færre fuglar. Kva fuglar som held til her i landet er avhengig av vêret. Klimaendringar, som dei seinaste åra har ført med seg mildare vintrar, har ført til endringar i utbreiinga. Klimaendringane gjer elles at fleire artar enn tidlegare no overvintrar i Noreg i staden for å trekkje ut av landet.

I alle år har kjøttmeis, blåmeis og skjor – i nemnde rekkefølgje – vore dei vanlegaste artane i hagefuglteljinga her i landet.

I fugleteljinga i fjor vart det talt 523.000 fuglar i om lag 10.6700 hagar. Og det var visstnok rekordstor deltaking. I gjennomsnitt har det vore talt 55 fuglar per hage i perioden 2008–2018. I fjor var det i snitt 49.

Korleis blir det i år?

Hagefuglteljinga her i landet vert arrangert av Norsk Ornitologisk Forening i samarbeid med miljolare.no. I 2020 går Hagefuglteljinga av stabelen laurdag 25. og søndag 26. januar. For at så mange som mogleg, også skular, barnehagar o.l., skal kunne bli med er også veka før og etter sjølve helga inkludert (18. januar til 2. februar). Fugleteljinga føregår ved at deltakarane noterer kva for fuglar dei ser i hagen sin, og legg observasjonane inn på nettsida til Fuglevennen etterpå.

Kanskje dukkar det opp ein sjeldan og spennande fugleart akkurat på ditt fuglebrett eller fôringsplass.

(©NPK)