LEIAR

Det er på høg tid at vedtak om trasé-val vert sett ut i handling

Rv 15 Strynefjellet har vore stengd ni gonger til no i vinter. Det viser kor viktig det er å få bygd ny tunnel og gjere vegen til reel heilårsveg.  Foto: Thomas Thaule

Det er på høg tid at vedtak om trasé-val vert sett ut i handling

Nyhende

Rv 15 Strynefjellet har vore kjend som ein av dei sikraste fjellovergangane mellom aust og vest. Denne vinteren har vegen allereie vore stengd ni gonger, og vi er enno ikkje ferdige med januar. Dette er ein kritisk situasjon for mange, ikkje minst for alle bedriftene som er avhengige av vegen for å få varer ut og inn. Busstransport og private er sjølvsagt og råka. Mange bussavgangar mellom aust og vest er rett og slett kansellerte som følgje av det dårlege veret og stengde vegar. Det gjer at folk vert hindra i å utføre dei ærend og turar dei skulle.