Feil framstilling i sak om landbruksveg i Olden

Fjordingen kom i fredagsutgåva i skade for å framstille ei sak om landbruksveg på Skarstein i Olden som uavklart, etter fråsegn frå fylkesmannen. Dette stemmer ikkje.

Bruksendring: Bygget det er søkt bruksendring for ligg på Skarstein. Grunneigar Janne Fredheim Klaesson har fått godkjent omdisponering av landbruksareal til landbruksveg fram til bygga. 

Nyhende

– Det vart endeleg godkjent i november, kan grunneigar Janne Fredheim Klaesson fortelje. Ho søkte om dispensasjon frå kommunedelplanen i Olden, til ein 200 meter lang landbruksveg som delvis går over dyrka mark.

Klaesson har også søkt om bruksendring for eit av bygga som denne vegen skal føre fram til. Ho ønskjer eit bygg som i dag er regulert til driftsbygning/lagerbygning, omregulert til utleigehus. Det er denne bruksendringa fylkesmannen no har uttalt seg om.

– Vi har bede fylkesmannen om vurdering av søknaden om bruksendring. Kommunen sender saker på høyring til fylkesmannen dersom administrasjonen eller politisk nivå er innstilt på å gje dispensasjon, og før kommunen gjer endeleg vedtak. Vi sender også saker på høyring dersom vi er i tvil, for å få fylkesmannen si vurdering og uttale i saka, seier Anne Lyslo, ass. avdelingsleiar byggjesak og regulering.

Synfaring: Janne Fredheim Klaesson hadde besøk av formannskapet i Stryn på synfaring i fjor haust.  Foto: Roy Aron Myklebust

Det er elles rett som Fjordingen skriv at fylkesmannen frårår at ei slik bruksendring blir imøtekomen. Dette grunngjeve med omsynet til landbruksinteressene og at ulempene ved ein dispensasjon vert vurdert som større enn fordelane.

– Omdisponeringa av jordbruksareal er i orden når det gjeld landbruksvegen, stadfestar Lyslo. Ho påpeikar også at langt frå heile den 200 m lange vegen er lagt over jordbruksareal.

– Nei, berre delvis. Den går også over to bustadeigedomar.

Når det gjeld søknaden om bruksendring til utleigehus skal denne opp i sektorutvalet for tekniske saker 30. januar. Dersom Klaesson får grønt lys der, har fylkesmannen tre veker på seg til å påklage vedtaket.