Treskifestivalen redda i «tolvte time»

Det blir likevel arrangert Treskifestival i Stryn i år.

Treskifest likevel: Kåre Tonning (t.v.) arrangerer treskifestival i Stryn saman med Kristian Hool Egge og Jens Isehaug. Treskigeneral Torstein Tvinnereim er glad for at nokon overtek stafettpinnen.  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

Etter å ha arrangert treskifestival i Stryn sentrum 11 gonger, signaliserte «treskigeneral» og primus motor Torstein Tvinnereim for 14 dagar sidan at det kunne vere slutt. Tvinnereim peika på manglande kapasitet etter omorganisering av selskapet Gaman Underhaldning som har stått bak det uhøgtidlege arrangementet i ei årrekkje.