Vårprogram og jubileumsår:

Utvidar tilbodet med meirope bibliotek

Meirope bibliotek utanom opningstida, jubileumsår og ei rekkje arrangement om konsekvensar av krig. Dette er berre noko av programmet framover for Stryn bibliotek.

Biblioteksjef Kristin Hatledal håpar at tilbod om meirope bibliotek er på plass innan påske. Då kan innbyggjarar i Stryn låse seg inn på biblioteket utanom opningstida med eit oppgradert lånekort. – Den største utvidinga av bibliotektilbodet i Stryn på mange år, seier ho. 

Vi ser fram til arrangementa med temaet krig, og trur det blir både interessant og tankevekkjande!– Vi ser fram til arrangementa med temaet krig, og trur det blir både interessant og tankevekkjande!

Kristin Hatledal, biblioteksjef i Stryn
Nyhende

Biblioteket har i år 225-års jubileum. Det første biblioteket i kommunen kom på plass i 1795, og låg berre eit steinkast frå der det ligg i Stryn no.