Alpinisten Jonas Henden Drageset frå Olden:

Vurderer ski-college i USA

Jonas Henden Drageset (19) frå Olden fekk heile fjoråret spolert grunna skade. Men alpinisten gir seg ikkje, og han satsar på å kome tilbake på eit endå høgare nivå enn før.

Alpint: Jonas Henden Drageset frå Olden deltek på Fartsuka på Lillehammer.   Foto: Privat

Eg har no lyst til å prøve å kome inn på skicollege

Nyhende

– Eg jobbar hardt for at ting skal kome på plass igjen slik at eg kan heve meg, seier oldaren, som har delteke i Fartsuka på Lillehammer denne veka. Super G, Super Kombinasjon og utfor har stått på programmet for Henden Drageset der han har konkurrert med eit femtitals andre alpinistar.