Anne Raftevold (70)

Ei kinareise på ski

Anne Raftevold (70) vil gå alle 20 skirenn i World-loppet. Fire renn står att

I Changchun: Anne Raftevold (70) sjekkar ut startområdet dagen før start. Imponerande snøskulpturar var laga i høve det store skirennet som er Kina sitt svar på Vasaloppet og ein del av World-loppet, som består av 20 løp. Anne vil gjennomføre alle.  Foto: Privat

Nyhende

Skirennet går under namnet Vasaloppet China, kalla opp etter det meir kjende Vasaloppet i Sverige. 4. januar stilte heile 1.500 deltakarar til start. Ein av dei var 70 – åringen Anne Raftevold frå Hornindal. Ho gjekk den lengste distansen på heile 50 kilometer. Turen tok fem timar i åtte knirkande minusgrader.