Åtvarar mot svindelforsøk

Nyhende

Politiet har fått fleire meldingar frå bedrifter i Stryn om ein person som ringjer for å be om økonomisk støtte til kriminalitets-førebyggjande arbeid i Stryn. Om vedkomande har ringt til private personar for å be om pengar er usikkert.

- Folk må vere obs om dei får telefon frå ein person som ber om pengestøtte. Dette er svindelforsøk, seier politibetjent Eirik Krossen ved Stryn og Hornindal lensmannskontor.