Utolmodige etter ressursauke i kulturskulen

Torsdag gav kommunestyret skule- og kulturutvalet i oppgåve å sjå på mogelegheit for stillingsauke i kulturskulen. Venstre ønska stillingsauke vedteke allereie no.

Fremja endringsframlegg: Torstein Tvinnereim (V) ville helst gjort vedtak allereie i kommunestyret torsdag om ressursauke til kulturskulen. Fleirtalet ønskjer ein grundigare prosess før ein eventuelt løyver pengar til meir ressursar.  

Nyhende

I samband med budsjettvedtaket i desember vart det spelt inn verbalframlegg om auka stillingsressurs i kulturskulen. Rådmannen tilrår at dette er ei sak som blir sett i samanheng med behovet for ressursar ved andre skular og einingar, og at saka difor bør starte i skule- og kulturutvalet.