Stryn formannskap:

Vil gi kommunal støtte til Visefestivalen

Visefestivalen har søkt økonomisk støtte til utvikling og marknadsføring.

Visefestival: Visefestivalen debuterte i fjor. Arrangørane har planlagt ny festival i år.  Foto: Roger Oldeide (Arkivfoto)

Nyhende

Stryn Visefestival debuterte i fjor og er planlagt vidareført i år. Arrangørane har søkt Stryn kommune om 45.000 kroner til utvikling av festivalen som i år er planlagt med 10 konsertar i slutten av mars. Festivalen er eit samarbeid mellom Isehaug kafeteria, Visnes hotell, Stryn vertshus, Biblioteket, Stryn kulturhus, Stryn næringshage og lokalt kulturliv.