Hornindal valde Sogn og Fjordane

Sogn og Fjordane: Årsmøtet i fotballgruppa i Hornindal har bestemt at dei framleis skal høyre til NFF Sogn og Fjordane.   Foto: Stig Høynes

Nyhende

Sjølv om Hornindal vart ein del av Volda kommune og Møre og Romsdal fylke frå nyttår blir klubben likevel å sjå i Nordfjordfotballen komande sesong.

I november i fjor var det framleis ikkje bestemt kva for ein krets fotballgruppa skulle høyre til. Fotballgruppa i Hornindal har hatt valet mellom framleis å høyre til Sogn og Fjordane fotballkrets, eller å bli med i Sunnmøre fotballkrets.


Var dette siste lokaloppgjeret?

Hornindal og Stryn møttest i lokaloppgjer i fotball i klasse gutar 15/17 siste dagen i oktober. Om det blir fleire seriekampar klubbane i mellom i framtida er framleis uvisst.


Samrøystes vedtak

Årsmøtet i fotballgruppa 26. januar støtta samrøystes styret si innstilling om at fotballgruppa framleis skal vere ein del av NFF Sogn og Fjordane.

Dermed vil det også komande sesong vere duka for blant anna lokaloppgjer i 6. divisjon mellom Hornindal og Oppstryn.