Fotballstjerner samlast til velgjerdskamp

Internasjonale legender, blant dei Tore André Flo, møtest til velgjerdskamp i Sydney til støtte for dei som er ramma av skogbrannane i Australia.

kamp i Australia: Tore André Flo skal spele kamp i Australia til inntekt for dei som er ramma av skogbrannane. foto: bengt flaten (arkiv) 

Nyhende

På lista over andre kjente namn er mellom anna Didier Drogba, Dwight Yorke, Park Ji-sung, David Trezeguet, Emile Heskey og Geremi Njitap.

Så langt har 20 spelarar stadfesta deltakinga si, ifølgje The New Daily.

#FootballForFires

Kampen har fått taggen #FootballForFires og blir spelt på ANZ Stadium 23. mai, same dag som finalen i den engelske FA-cupen går av stabelen.

– Kampen vil bruke stjernespelarane til å skape merksemd om den australske skogbrannkrisa og den viktige gjenoppbygginga av lokalsamfunna som vil vere nødvendig lenge etter at brannane til slutt har brent ut, heiter det frå ein av arrangørane, Lou Sticca, ifølgje ANZ Stadium.

Tusenvis av frivillige som har kjempa mot brannane, er invitert til kampen. I tillegg vil inntekter frå billettsal og supportereffektar vere øyremerkte dei ramma.

ANZ Stadium har ifølgje The New Daily ein kapasitet på 85.000.

(NPK)