Stryn held stand i toppen

Heimekamp: Terese Vik Nygård, Rigmor Nesje og Stryn møter Syril laurdag.   Foto: roy aron myklebust

Nyhende

Stryn tek imot Syril til 4. divisjonskamp i handball i Strynehallen laurdag. Då laga møttest i Sogn tidlegare i sesongen drog Syril det lengste strået og vann med eitt fattig mål. 21–20 tapet er Stryn sitt einaste tap så langt.

I toppen

Oddny Grete Njøten sine elevar ligg i skrivande stund på 3. plass på tabellen, fem poeng bak Gloppen som framleis toppar tabellen. Stryn har imidlertid to kampar til gode på serieleiaren.

Om Stryn held fram med å vinne ligg det an til eit spennande lokaloppgjer når Gloppen kjem til Stryn i midten av mars. Då nærmar også sesongen seg slutten.

Førre helg vann Stryn 26–23 borte mot Førde sitt 2. lag.