Markane-duo imponerte i Kollen

Kollen: Inger Hjelmeset (t.v.) og Katrine Svarstad Heggdal gjorde det skarpt i Ungdommens Holmenkollrenn i helga.  Foto: Markane IL

Nyhende

Inger Hjelmeset og Katrine Svarstad Heggdal frå Markane IL imponerte blant 14-åringane då Ungdommens Holmenkollrenn vart arrangert i helga.

Laurdag vart det arrangert 3 kilometer klassisk, og med nærare 200 på startstreken imponerte jentene frå Markane. Katrine gjekk inn til 30. plass, 1.00,3 bak vinnaren Kamilla Aasebø frå Kjelsås IL som fekk tida 09.29,6. Inger kom inn like bak Katrine på 34. plass, 1.05,3 bak vinnaren.

På søndagens 3 kilometer fristil skulle det gå endå betre for Markane-jentene. Igjen var Kamilla Aasebø raskast med tida 07.40,2. Katrine gjekk inn til ein strålande 13. plass, 34 sekund bak vinnaren, og berre 24 sekund frå pallen. Inger følgde opp med 26. plass, 50,1 sekund bak vinnaren.