Mot opprykk for Flo?

Mot opprykk: Per-Egil Flo og Lausanne ligg an til opprykk til den sveitsiske toppdivisjonen.   Foto: RvS. Media (arkiv)

Nyhende

Per-Egil Flo og klubben hans Lausanne Sports i sveitsisk 2. divisjon ligg godt an til å rykke opp til toppdivisjonen.

Lausanne Sports toppar tabellen med 40 poeng, seks poeng føre Grashopper, no når laga går inn i andre halvdel av sesongen.

Flo var ute av laget i fire-fem veker før jul grunna hjernerystelse, men stryningen var tilbake på bana i 0–0 kampen borte mot Schaffhausen sist helg. Søndag møter laget Kriens på heimebane.

Lausanne skal også spele kvartfinale i den sveitsiske cupen mot Basel i mars.