Topp innsats i KM-kvaliken

Kvalifisering til KM i futsal for aldersbestemte lag gjekk av stabelen i Styrkhallen i Innvik laurdag og i Strynehallen søndag. Innsatsen var det ingenting å seie på.

Styrkhallen: Ådne Høgalmen Tenden på Stryn sitt G15-lag fyrer av eit skot mot eit godt befolka eidaforsvar.  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

I Styrkhallen rulla fotballen i nærare ti timar i strekk, frå laurdag føremiddag til seine kvelden. Det var lag i klassane gutar 13, gutar 15 og jenter 15 som spelte kvalik i Styrkhallen.