Vestlandsmeisterskap i skiskyting

Vestlandsmeisterskapet: Sara Annie Bjørnhaug Aarnes, Markane IL, er ein av fleire frå indre Nordfjord som er påmeld.  Foto: Thomas Thaule (arkiv)

Nyhende

Vik idrettslag arrangerer Vestlandsmeisterskap i skiskyting denne helga.

To distansar står på programmet i Vik. Laurdag blir det gått normal, medan det er duka for sprint søndag.

Markane IL og Hardbagg IL, samt landslinja ved Stryn vidaregåande skule, stiller med fleire utøvarar.