1500 kroner for å ha gløymt bilbeltet

Illustrasjon  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Statens vegvesen gjennomførte kontroll av køyretøy i Stryn sentrum og Grodås laurdag.

To bilførarar må betale gebyr på 1500 kroner kvar for ikkje å bruke bilbelte under køyring.

Sju sjåførar fekk skrifteleg beskjed om å utbetre feil og manglar på køyretøya sine, skriv vegvesenet i ei pressemelding.