Maskinentreprenørenes Forbund:

Auka bekymring blant medlemane

Maskinentreprenørenes Forbund (MEF) registrerer auka bekymring blant medlemane.

Bekymring: Maskinentreprenørenes Forbund (MEF) registrerer auka bekymring blant medlemane.   Foto: Thomas Thaule (illustrasjonsbilde)

Nyhende

– Vi registrerer no auka bekymring blant våre medlemar for at regionreforma og overføringa av tilsette frå Statens vegvesen til fylkeskommunen vil medføre at få fylkeskommunale vegkontrakter lysast ut i 2020. Medlemsundersøkingane våre viser også at det har vore eit betydeleg stemningsskifte i bransjen dei siste månadane; forventningane til sysselsetting og omsettinga i eigen bedrift er meir pessimistiske enn kva vi har sett dei seinare åra, skriv m.a. regionsjef i MEF Paul Olaf Baraas i eit brev adressert til Vestland fylkeskommune v/fylkesrådmannen, direktør for infrastruktur og veg og fylkespolitikarane.