4. div. handball:

Heimekamp for Stryn

Heimekamp: Stryn møtte Syril i Strynehallen førre helg. No står ein ny heimekamp for tur, denne gong mot Førde 2.  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

Nok ein heimekamp står for tur for Stryn sine handballdamer. Etter det skuffande resultatet mot Syril sist helg bør det vere tid for revansje.

Det er Førde sitt 2. lag som kjem på besøk i Strynehallen søndag, eit lag som slit heilt i botnen av tabellen med berre to poeng og ni strake tap.

Vann på bortebane

Stryn møtte Førde 2 på bortebane for få veker sidan. Då vann Stryn med tre mål (26-23). Om Stryn skal henge med i toppen er berre siger godt nok i denne kampen. Stryn skuffa då laget spolerte ei rekkje sjansar mot Syril i førre heimekamp, og laget må heve seg om det skal bli poeng no. Før dette oppgjeret ligg Stryn på 4. plass på tabellen.